Vi får besøk av Kjellen og co. med showet «Klypa: 20-år og like forbanna» Det blir stand-up, musikk og stor stemning!
Kjellen og co. har hatt ei meeeget ufrivilleg pause i turnèlivet, og slår no tilbake for fullt! I 20 år har denne herlege gjengen berika liva til folk i heile noregs land, og no er dei klar for å feire 20-års jubileum. Showet har fått Tittelen: 20-år og like forbanna. Og har det nokon gong vore eit tidspunkt for å fortelle alt èin kan verte forbanna på? Neppe! Ord kan ikkje beskrive dette showet, det må berre opplevast – så hiv deg rundt og kjøp billett!
Vi gledar oss!
Sett av torsdag 27. juni!